Utstilling

Fotografisk improvisasjon

3/4/2026

Klara Sofie Ludvigsen opplever fotografi som et formelt medium. - Eg har vore opptatt av å få meir improvisasjon inn i den fotografiske arbeidsprosessen, sier Klara Sofie som er utstillingsaktuell på MELK.
Installasjonsfoto fra utstillingen Neon notid av Klara Sofie Ludvigsen på MELK. FOTO: MELK

Du er aktuell med utstillingen Neon notid på MELK. Hva får publikum se i utstillingen?

Når du kjem inn døra på MELK blir du møtt av analogt fotografi og motiv som er arbeidd fram frå intuisjon og lyst, heller enn logikk. Eg har arbeidd ein del med collage på negativ-niva, og dette har opna opp for eit litt surrealistisk uttrykk. Du får også sjå tre glasskulpturer som kombinerer farga glas og analogt fotografi. Det aller fleste bileta i utstillinga er svart/kvit fotografi på baryttpapir som eg har printa sjølv, men det finnes også to analoge fargebilder fra svart/kvit negativ som er produsert på Studio Technika.  

Verk fra utstillingen Neon notid av Klara Sofie Ludvigsen på MELK. FOTO: THOR BRØDRESKIFT

Å eksperimentere med analoge prosesser spiller en sentral rolle i prosessen din. I Vårutstillingen 2022 på Fotogalleriet viste du blant annet abstraherte bilder hvor du hadde lagt fiskebein direkte inn i forstørrelsesapparatet i mørkerommet. Kan du fortelle om hvordan du arbeider fram bildene dine i mørkerommet?

Eg har i lengre tid vore opptatt av å få meir improvisasjon inn i den fotografiske arbeidsprosessen. Eg omgir meg med mange musikere og dansere som har improvisasjon som ein innarbeidd del av sitt virke, og det syns eg er inspirerande. Eg opplever fotografiet som litt formelt. Det er veldig god tid til å tenke mellom dei ulike prosessane. Fra fotografering til filmprosessering til printing. Dette gjer det litt vanskelig å bli overraska. Eg er interessert i å frata meg sjølv litt av denne kontrollen og la intuisjon ta meir styring. For å få til det har eg operert med ulike dogmer. Eg starta med ein versjon av John Cage’s Chance Operations, der eg jobba med ulike lag og kombinerte fotografiske negativ og «sjølvlaga negativ» (t.d maling eller teikning på folie) i tilfeldig rotasjon. Over tid har eg utvikla og funne nye metoder, fram til eg no har fått det inn som ein meir naturlig måte å arbeide på. 

Installasjonsfoto fra utstillingen Neon notid av Klara Sofie Ludvigsen på MELK. FOTO: MELK

Hvilken rolle spiller intuisjon og utprøving i den kunstneriske prosessen din?

Det har blitt heilt vesentlig. Eg ser intuisjonen som ein mykje meir interessant del av meg enn mine bevisste tanker - så arbeidet handlar i stor grad om å la den sleppe til. Å la den styre. Og så insisterer eg på å ha tillit til at om eg gjer det, så vil meining og samanheng vil oppstå. Eg prøver å  gjere arbeidet interessant for meg sjølv. Eg trur at det då kan råke til å bli interessant for andre og. 

Installasjonsfoto fra utstillingen Neon notid av Klara Sofie Ludvigsen på MELK. FOTO: MELK

I utstillingen er det også skulpturelle objekter av glass i samspill med fotografier. Kan du fortelle om disse? 

I arbeidet med analogt svart/kvit fotografi er det to ting eg kjenner lengt og dragning mot: farge og romlighet. Hjernen min grunner heile tida på ulike måter å trekke fotografiet ut fra veggen. Eg syns det er spennande å sette fotografi saman med andre medium fordi eg trur det kan opne opp for å sjå fotografi på ein annleis måte. Denne gongen ville eg jobbe med glas. Dette er eit heilt nytt materiale for meg,  og eg hadde ingen anelse om kva eg gav meg ut på. Men me er heldige med å ha S12 Galleri og verksted i Bergen, der ein kan komme inn med ein visjon og få hjelp og kompetanse til å realisere den. Eg er framleis sjokkert over kor komplisert og omfattande dette arbeidet var.

Å lage store analoge print er tungt fysisk arbeid, men å lage store glasverk er absolutt tyngre. Det hadde også fellestrekk med fotografiet ved at eg måtte tenke i negativ og positiv. Først måtte eg bygge ei negativ «ramme» som eg kunne støype ein positiv gipsfigur i. Dette blei den forma som eg smelta glaset over. Det var veldig uforutsigbart korleis glaset ville sjå ut etter brenning, eg var derfor nødt til jobbe veldig parallelt med glasarbeidet og mørkeromsarbeidet. Eg måtte også fotografere nytt materiale undervegs fordi det viste seg at ikkje alt egna seg å bli sett gjennom farga glas.

UTSTILLINGEN NEON NOTID AV KLARA SOFIE LUDVIGSEN VISES PÅ MELK TIL OG MED 15. MARS.

Ønsker du å studere fotografi eller vil du studere videokunst og film? Les mer om Oslo Fotokunstskole og søk skoleplass for heltids- og deltidsstudium (kveld). Skolen tilbyr undervisning i de to linjene «fotografi» og «film- og videokunst». Skolen tilbyr også fotokurs. Oslo Fotokunstskole er en fotoskole i Oslo for deg som ønsker å utforske dine kreative evner i et engasjerende og dynamisk miljø. Skolen ble etablert i 1989 og holder til i velutstyrte lokaler ved Alexander Kiellands Plass. Les mer om hvordan du kan starte din fotoutdanningeller filmutdanningoslofotokunstskole.no.

Liknende artikler